Tema - NSD - Norsk senter for forskningsdata | NSD - Norsk senter for forskningsdata

SKULEVAL 2017: Testar det norske demokratiet

Illustrasjon (c) Bjarne Øymyr, NSD

Ofte viser skulevalet kva veg dei politiske vindane vil blåse.

Det nasjonale skulevalet går av stabelen 4. og 5. september, kort tid før det ordinære stortingsvalet (11. september). Ved skulevalet i 2015 deltok ca. 150 000 elevar frå 395 skular.

– Vi trur minst like mange vil røyste i år. Skulevala har blitt stadig viktigare både for politikarar og media. Det har samanheng med at skulevala ofte har vist seg å gi ein peikepinn på kva resultata blir i dei ordinære vala. Det viktigaste med skulevala er likevel å styrke det politiske engasjementet blant dei unge og dermed demokratiet, seier Håkon Tranvåg, rådgivar ved NSD.

Forsking har dokumentert at skulevala gjer nettopp det: Ei doktorgradsavhandling i 2016 viste mellom anna at elevar som stemmer ved skulevalet er meir villige til å stemme ved stortings- eller lokalval same år (Julie Ane Ødegaard Borge: Creating Democratic Citizens? An analysis of Mock Elections as Political Education in Schools).

Saman med NRK og dataselskapet IBM arrangerte NSD det første nasjonale skulevalet i 1989, og medrekna EU-prøvevalet i 1994 blir årets val den 16. i rekka.

Parallelt med skulevalet blir valundersøkinga gjennomført. Dette er ei landsdekkande spørjeundersøking blant skuleungdommen, som har blitt gjennomført ved kvart val sidan starten.

NSD arrangerer skulevalet på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

SKOLEVALG 2017 >>



Andre temasaker

© NSD - Norsk senter for forskningsdata • Kontakt NSDWebredaktør: Njord V. SvendsenPersonvern og informasjonskapsler (cookies)